Her kan du sjå program og startlister for Vestlandskappleiken 2024. Merk at tidspunkta som det står ca. på er berre estimat. Sjokoladekappleiken laurdagen kl. 13:30-15:30 skjer parallellt med tevlinga på Vestlandskappleiken på hotellet.
Her finn du info om mat og overnatting på Vestlandskappleiken 2024. Her finn du òg lenkje for å booke hotellovernatting til rabatterte prisar under kappleiken. Hugs frist for å booke hotellrom til rabatterte prisar 22. september!
UngOsa, 25.-27. oktober, som kvar år vert arrangert på Voss i høve Osafestivalen har opna påmeldinga! Dette er eit kjekt kurs for born og unge som er verdt å få med seg. Påmeldingsfrist er 20. september, men det vert som regel fullt, så her gjeld det å slenge seg rundt og melde seg på.
Erlend Viken trio spelar konsert på Pederhuset på Breim laurdag 26. oktober kl. 20. Før konserten vert det òg nerdekurs i felespel, og etter konserten vert det folkemusikkpub!
Bli med på Fjelljomfestivalen 27.-29. september i Stryn. Der vert det mellom anna jubileumskonsert i høve Magne Maurset 200 år, og konsert med Honndalstausene, samt kurs i munnspel, song, hardingfele, fele og Nordfjordspringar!