I samband med den årlege Viksdalsmarknaden skipar Gaular Spelemannslag til marknadsfest laurdag 7. november. Laget ynskjer å slå eit slag for dansen, sløyfer den tradisjonelle konserten som start på festen og går rett på dansen kl 20.00.

- Vi har invitert alle nabo-spelemannslaga til å sørge for dansemusikken, fortel Kirsti Timenes Bell. - Naustedalen Spelemannslag, Dalsfjorden Spelemannslag, Indre Sunnfjord Spelemannslag og Havbrusen Folkemusikklag kjem alle til Viksdalen denne kvelden, noko vi i Gaular Spelemannslag tykkjer er stor stas! Danseglade i alle aldrar er velkomne, frå dei yngste og til dei eldste. Vi håpar på fullt hus og god stemning!

Det vert sal av betasuppe, kaffi og kake.

Inngong vaksne kr 150, skuleborn/ungdom 50,-.

 

Sjå plakaten for heile marknaden her: Marknadsplakat 2015.pdf