Ynskjer de å ha aktivitet? Ynskjer de å arrangere lokale kurs eller liknande?

Vi har midlar!
I samband med koronapandemien har vi fått ekstraordniære midlar frå fylkeskommunen. Desse skal gå til lokal aktivitet for barn og/eller vaksne. Dersom ditt lokallag ynskjer midlar kan de sende ein epost til dordi@folkemusikklaget.no med ein søknad. Søknaden skal innehalde kort skildring og budsjett.

Det er ogso mogleg å søkja om pengar for aktivitet som skulle vore, men som har vorte avlyst grunna koronarestriksjonar.

Søknadsfrist er 8. mars 2021.