Her er turnéplanen:
Onsdag 27.november - Gamlebanken Lærdalsøyri, kl. 19
Torsdag 28.november – Hardanger folkemuseum, Utne, kl. 19.30
Fredag 29.november – Samvirket, Dale, kl. 19

Førdefestivalen er stolte av å kunne tilby VestaFolk-konsertar med dei to fabelaktige musikarane Sinikka Langeland og Erlend Apneseth; ho meister på kantele, det finske nasjonalinstrumentet, og han på vårt eige nasjonalinstrument, hardingfela.
Dei er begge både musikarar og komponistar som vandrar mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Sinikka Langeland er mellom anna kjend for sine tolkingar av eldgamle runesongar og folkemusikk frå Finnskogen, og for tonesetjing av Jon Fosse-tekstar. Erlend Apneseth sitt utgangspunkt er den lokale folkemusikktradisjonen på Jølster og Vestlandet. Dei er begge opne for nye uttrykk og nye samarbeid, og finn stor glede i å utfordre kvarandre og utforske samklangen mellom kantelen og hardingfela.
Her er lenkjer til heimesidene deira:
www.sinikka.no
www.erlendapneseth.com