Om lag 90 frammøtte fekk sjå og høyre tre unge musikarar framføre kvar sin slått.  Det var 9 år gamle Sigbjørn Eikås (solo) og 11 år gamle Meida Girzadaite og Lena Bergquist (samspel). Rekruttering av nye aktørar er ei viktig satsing for laget.  Det gjorde denne framføringa til eit av høgdepunkta i markeringa.

Ei slik samling tek også sikte på å sjå litt på kva laget har arbeidd med i desse 40 åra. Jostein Årdal gav oss eit attersyn som viste eit lag med mange gode tiltak.  Det er lagt ned mykje arbeid i å ta vare på denne kulturarvingen i form av innsamling av slåttar, songar og dans.  Samtidig har laget vore svært offensivt i arbeidet med å få med nye aktørar og lære desse opp.  «Mo-kurset» har vore eit særdeles viktig tiltak for unge utøvarar både frå eige fylke og mange andre distrikt av landet.

Det var elles vist ymse former for både spel, song og dans.  Ein kuriositet i denne framføringa var Magnus Hope som fortalde om og spelte ein religiøs folketone på Salmodikon.  

Eit anna høgdepunkt var utdelinga av Folkemusikkprisen for 2020 til Judith Vestreim (sjå HER).

Ni av 16 tidlegare leiarar var med på feiringa saman med to sentrale daglege leiarar

Feiringa vart avslutta med dans til musikk av Fjelklang spelemannslag og Indre Sunnfjord spelemannslag.

Festen vart meisterleg leia av Kjømeister Jens Brekke.