Er du mellom 9 og 18 år og driv med folkemusikk? Onsdag 7. og torsdag 8. juli skipar Sogn og Fjordane Folkemusikklag til sommarkurs på Sunnfjord folkehøgskule i samarbeid med Førdefestivalen!

Send familien din på festival, eller på tur i den flotte Sunnfjordnaturen, og bli med på UngLåt. Her vert det kurs i hardingfele, fele, trekkspel, toradar og song gjennom gruppeundervisning og fellesøkter, leik og moro. Få nye vener og lær nye triks og låtar på instrumentet ditt. Instruktørane er blant dei beste som er å oppdrive her til lands, og fleire av dei møter du att som artistar på Førdefestivalen i løpet av helga. UngLåt er ei glimrande oppkøyring til Førdefestivalen og alle konsertane og arrangementa du kan få med deg der etter kurset.

Hald av datoane, og følg med på nettsida vår! Snart slepp vi instruktørar!

 

 

Foto: Knut Utler