Formålet med kurset er å inspirere, ivareta og bringa vidare tradisjonen, lære ungdommen korleis dei kan bruke folkemusikken i samspel, og samtidig ivareta tradisjonen.

Kurset skal vera eit tilbod for ungdomar frå ti år og oppover, som ynskjer å fordjupa seg i tradisjonsmusikken. Det er tilbod om kurs i hardingfele, song, toradar og dans, og hovudvekta vil vere på arrangering og samspel.

Deltakarane får lære melodiar og korleis dei enkelt kan arrangere desse melodiane innanfor tradisjonelle rammer. Dette krev at deltakarane bør ha spelt på instrumentet sitt i minimum to år.

Instruktørar på kurset:

Dans: Haldis Folkedal og Margit Myhr

Toradar: Ida Furusæter og Hilde Fjerdingøy.

Song: Kari Finne Sognnæs og Berit Opheim

Hardingfele: Håkon Høgemo, John Ole Morken, Lajla Renate Storli, Jon Jelmert og Einar Mjølsnes

Påmelding: Innan 17.februar. Send påmelding på epost til Ragnhild Blikberg: ragbli@gmail.com

Les meir om kurset og opplegget her.

 

Kursavgift: kr 500,- (For søsken: kr 300,- for fyrstemann, kr 200,- for dei neste)

Pris for mat/overnatting: Kr 895,- per person inkl.

Tillegg for overnatting i 2-3-sengsrom er kr 70,- per person per natt . Enkeltrom kr 145,- per natt.