TØFT, eit rekrutteringsprosjekt dedikert til born og ungdom som er interessert i folkemusikk og folkedans, har som mål å samle og rekruttere born og unge til samlingar, kurs, konsertar og dans.

Dei eldste deltakarane deltok frå fredag til sundag, medan dei yngste slutta seg til arrangementet frå laurdag til sundag. Totalt deltok 13 born og ungdommar på kurs i hardingfele. For at alle skulle vere med, vart felene stemt om til hardingfelestille, slik at alle kunne spele saman. Vi skulle gjerne hatt fleire deltakarar på kurset, og det var mange som hadde meldt seg på i utgongspunktet som måtte melde avbod i dagane før kurset av ulike grunnar. Det er klart at det må gjerast ein større innsats for å få opp rekrutteringa innan folkemusikk og folkedans i Sogn og Fjordane, skal det vere slike samlingar òg i framtida.

Erfarne instruktørar leia kursa, der kulturskulelærar i Bergen, Ida Marie Rognsvåg og distriktsmusikar i Sogn, Marin Stallemo Bakke heldt kurs for dei eldste deltakarane. Vidar Underseth, tidlegare fylkesmusikar i Sogn og Fjordane, held kurs for dei yngste.

Samlinga inkluderte ikkje berre speleøkter, men òg leik og dans, leia av Kirsten Johanne Friis og Leon Årdal. Deltakarane fekk òg høyre ein minneverdig konsert på Jølster samfunnshus laurdag kveld, der Kviven duo, beståande av Jorunn Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm, imponerte med sitt briljante og energiske samspel. Sistnemnde er nyleg tilsett som distriksmusikar på hardingfele i Sunnfjord.

Kurset vart avslutta søndagen med ein konsert for foreldre, der dei unge kunne vise det dei hadde lært.

TØFT-samlinga vil takke deltakarar, instruktørar og frivillige som var med. Vidare uttrykkjer dei takksemd til Furestiftelsen, Frifond, KOMP og FolkOrg for økonomisk støtte, som gjorde prosjektet mogleg.


 

For meir informasjon om TØFT-samlinga og komande arrangement, besøk folkemusikklaget.no eller kontakt Nikolai Storevik (dagleg leiar) på nikolai@folkemusikklaget.no eller 478 64 782.