Trekkspeldag med Håvard Svendsrud laurdag 7. november.

Spelemannslaget Fjelljom byr inn til trekkspelkurs med Håvard Svendsrud som lærar. Det korte eindagskurset er meint som ei lita vitaminsprøyte for dei som allereie spelar trekkspel. Håvard er både nasjonalt og internasjonalt kjend som ein av dei aller beste trekkspelarar landet vårt har fostra. Han har eit svært allsidig repertoar frå drivande gammaldans til Bach sine krevande komposisjonar, og han er ein av dei svært få som har trekkspelet som leveveg. Kurset denne gongen er mynta på trekkspelarar som likar tradisjonell gamaldansmusikk. Det er og kjekt å kunne seie at Håvard er ein av våre eigne, sidan han no i mange år har vore betalande medlem i Spelemannslaget Fjelljom.

Kursstad: Ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli

Tid: Laurdag 7.11. kl 1200 - ca 1600 med innlagde pausar og matservering.

Kl 1700 same stad held Håvard Svendsrud konsert.

Fjelljom spanderer kurset som og har støtte frå Frifond dersom nokon av deltakarane er under 26 år. Vi vonar alle kursdeltakarane vert att på konserten og betalar billett kr 150,-.

Håvard Svendsrud driv eige plateselskap (Aksent) og vil ha med eit utval av gode plater de bør kjøpe.

Påmelding til Arne M. Sølvberg på tlf 48151317 eller epost arnsoelv@frisurf.no.