Vi dansar vals, swing, reinlender, polka, marsj, tango, samba, åttetur, reel, og meir. (Du treng ikkje kunne noko av dette frå før.)

Kom gjerne åleine. Kom gjerne ein heil flokk! Dette er moro!
Ny i Fjaler eller omland? Velkommen her!

Rimeleg: Vaksne 50,- Barn, ungdom, elev, student 10,-

Du kan også komme for å sjå på, høyre på musikken, prate og ta med kaffipausen. (Kan du danse, synge, fortelje, sjonglere?? 5 min scena er di i pausen. Gratis på dansen.)

Samarbeid Ungdomslaga i Dale, Flekke, Straumsnes og UWC vidaregåande skule i Flekke.

Vi planlegg å delta på UKM februar 2018 "Ung Folkedans Young Folk Dancers"
28. april 2018 deltek alle på og Dansens Dag i Dale 12.00.

Formål med Torsdagsdansen:
Kultur og miljø.
Møteplass.
Folk frå Fjaler og andre.
Tilflyttarar. Velkommen her!
Internasjonalt, Skulen på Haugland UWCRCN.
Styrke sjølvtillit og venskap gjennom dans og kultur.

TORSDAGSDANSEN I FJALER:
PLAN VÅRSEMESTER 2018:
Januar:
11. Straumsnes UL
18. Flekke UL ...
25. Dale UL
 

Februar:
1. UWC
8. Straumsnes UL (S.11. UKM i Askvoll.)
15. Flekke UL
22. Dale UL

 

Mars.
1. UWC
8. Straumsnes UL
15. Flekke UL
22. Dale UL

 

April.
5. UWC
12. Straumsnes UL
19. Flekke UL
26. Dale UL
28. DD Dansens Dag i Dalstunet. kl 12.00 Kulturscene Fjaler.
Totalt 15 dansekveldar + UKM og DD