tøft-2

2018/2019

TØFT held fram

Ungdomsprosjektet TØFT får nye Dextra Musica-midlar

Fordelinga av rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica 2018 er klar og TØFT får også i år tildelt kr 100 000.
 
I 2017 vart det delt ut kr 500 000 til fem rekrutteringsprosjekt i Noreg. I 2018 skulle FolkOrg i utgangspunktet auke til åtte prosjekt. Etter søknadsfristen den 15. april var det så mange gode prosjekt, at det i samråd med Dextra Musica vart gjeve stønad til ti rekrutteringsprosjekt i år.

Bølingen (Akershus, Oslo og omegn) – kr. 100 000,-
FolkemusikkUNG (Valdres) – kr. 100 000,-
FolkRekrutt (Gudbrandsdal) – kr. 100 000,-
Fuglen (Rogaland) – kr. 100 000,-
Leik lengst nord (Finnmark) – kr. 80 000,-
Morgondagens spelemenn (Bergen) – kr. 80 000,-
Raudan Gull (Møre og Romsdal) – kr. 140 000,- (for to år)
SPREK! (Hedmark) – kr. 100 000,-
TØFT (Sogn og Fjordane) – kr. 100 000,-
Ung Halling (Hallingdal) – kr. 100 000,-

 

Dextra Musica er eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen DNB. Selskapet eig nokre av verdas beste strykeinstrument og låner dei ut til etablerte og talentfulle norske musikarar. Alle som låner instrument bidreg til gjengjeld i prosjekt med born og unge. Dextra Musica har dei siste ti åra bygd opp ei av verdas fremste strykeinstrumentsamlinger til utlån for norske musikarar. Dei er no i gong med samarbeid med folkemusikkfeltet på å bygge opp ei samling av historiske og nybygde folkemusikkinstrument. Målsetninga med arbeidet er å bidra til å ivareta norsk kulturarv og tilby instrument av god kvalitet til fremragande og etablerte folkemusikarar.
 

– Det er viktig for oss å være med på å synlegjere det viktige arbeidet som vert gjort på rekruttering til folkemusikken og folkedansen. Vi gler oss til å følgje denne satsinga framover, seier prosjektansvarlig i Dextra Musica Eline Moe Melgalvis.

| Mer++