TØFT-samlingar for unge folkemusikarar på Skei
Med tilskot frå TØFT arrangerte Sunnfjord Juniorspelemannslag to samlingar for unge folkemusikarar våren 2025, i samarbeid med kulturskulelærarar frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
Første samling fann stad på Skei skule 19. januar, og den andre under Sogn og Fjordane-kappleiken på Skei 21.–22. mars, der deltakarane avslutta med konsert på Sjokoladekappleiken. Til saman deltok 20 elevar frå heile fylket, delt i grupper for fele og hardingfele.
Målet har vore å skape eit fagleg og sosialt fellesskap for unge folkemusikarar som ofte står aleine i sine lokalmiljø. Samlingane vart leia av Ingrid Schei Stuhaug, Ole Nilssen, Britt Pernille Frøholm, Egil Furnes og Marin Stallemo Bakke.
Dei vonar det vert nye samlingar til hausten att.
Dansekurs under 100-årsmarkeringa til Petter Eide
Laurdag 1. mars arrangerte Gloppen Hardingfelelag to dansekurs i samband med 100-årsmarkeringa av spelemannen og dansaren Petter Eide. Arrangementet fann stad på Gimle grendahus på Sandane, med støtte frå TØFT-midlar, og la vekt på å samle deltakarar på tvers av generasjonar.
Barnekurset kl. 14.30–15.30 samla seks born og tre vaksne. Her fekk deltakarane prøve seg på musikkdansar og songleikar som langedans, halling og "træ nåla", i tillegg til å lære gamle lokale songar og danse til munnharpe. Instruktørar var Mari Andrea Ness og Elin Pehrson Grytting.
Hovudkurset kl. 15.30–18.30 hadde deltaking frå ein ungdom og sju vaksne. Arne og Asbjørg Sølvberg leia kurset, med Liv Fridtun som spelemann. Deltakarane fekk lære hamborgar, polka med støyt, reinlendar og både gamalt og nyespringaren – med rom for både dans, teori og diskusjon.
Kurset vart gjennomført i god stemning med engasjerte deltakarar, sjølv om mange ungdomar dessverre var opptekne med andre lokale arrangement den helga. Gloppen Hardingfelelag ser likevel tiltaket som vellukka – og peikar på at det er viktig å gi rom for dans og tradisjonar i eit lokalsamfunn der mykje dreier seg om musikk og idrett.
Firda Tidend laga òg ein flott reportasje frå barnekurset, både på nett og på papir.
Folkesong, folkedans og utvandrarhistorie i Hornindal
Hornindal spelemannslag har denne våren gjennomført eit omfattande prosjekt for barn i barnehage- og skulealder – leia av den erfarne folkesongaren og kulturformidlaren Oline Løvlid.
Gjennom kvedargruppa i Hornindal har barn fått opplæring i songleikar, lokale folkesongar og bygdedans. Frå januar til juni har det vore halde heile 17 øvingar, i hovudsak på Smia i Hornindal, med ei økt på Svor-museet med heimebaka bollar av Oline i pausane. Til å hjelpe seg har Oline òg hatt med Anna Gjendem og Dordi Boksasp Lerum som medinstruktørar. Øvingane munna ut i fleire framføringar, mellom anna på 17. mai i Hornindalshallen, ved Hornindal skisenter og i kyrkja, der dei eldste song i gudstenesta.
Innhaldet har vore både musikalsk og historisk: Songar, dans og teater med tema knytt til 200-årsjubileet for utvandringa frå Noreg. I tillegg har Oline besøkt Hornindal barnehage og Austefjord barnehage, Tunåsen barnehage, samt Hornindal skule, og lært vekk folkesong leikar, og folkedans.
Til saman har om lag 110 born fått lære folkemusikk, folkedans og ikkje minst historie!