Kurs i vanleg fele med John Ole Morken.
Aktive spelemenn.
Slåttar av Jeremias Henden og pols i Ålen tradisjon.
I Ålen finnst der ein del slåttar etter Jeremias som var i bygda i periodar. På kurset skal vi lære noko av dette stoffet, i tillegg blir det mykje pols.
John Ole kjem frå Ålen og har spesialisert seg på musikk frå Rørostraktene. Han er mykje nytta som instruktør.

Kurs i hardingfelespel med Britt Pernille Frøholm som instruktør.
Tilbod for aktive spelemenn.
Slåttar i Nordfjordtradisjon, og innlæring etter «naturmetoden» ( gehør ). Både eldre og nyare slåtteformer innanfor bygdedans og runddansslåttar. Samspel vil stå i fokus, og gode råd og teknisk vegleiing vil ein kunne tilegne seg under kurset.

Trekkspelkurs med Irene Tillung.
Aktive spelemenn.
Innøving av slåttar som passar til bruk i spelemannslag / grupper o.l. Gode råd og teknisk vegleiing blir også ein del av kursinnhaldet her. Irene og Britt Pernille vil samordne nokre av slåttestoffet slik at trekkspel og hardingfelekursa kan samspele.

-Folkesongkurset blir ei lita reise i songtradisjonane som instruktøren Veronika Kvandal Gjelsten frå Sandane har tilegna seg gjennom mange år.

-Dans og song for born i aldersgruppa 2.-4.klasse. Vi skal ha det kjekt ilag eitpar timar laurdag føremiddag og får lære nettopp songar og dansar. Instruktørar: Elin Grytting og Mari Andrea Ness.

-Dansekurs: Fredagskvelden dansar vi mest springar frå Nordfjord, men og gamalt for å få fram særprega ved dei to springartypane. Innimellom blir det hamborgar slik vi dansar det i Nordfjord. Laurdag praktiserar vi dansane, men skal og sjå nokre filmar med dansarar frå Nordfjord. Instruktørar: Arne og Asbjørg Sølvberg, Elin Grytting med fleire.


Felekurs for barn / unge med Liv Fridtun
Må ha spelt i minst 2 år.
Frå 10 år og oppover.
Her kan dei yngste få ein liten smak av folkemusikk og speltradisjonane i Nordfjord , og kanskje kan vi få rekruttert nye inn i spel, song og dansemiljøet. Vi legg opp til innøving av enkle slåttar som kan spelast i samspel. For ungdomar som er komne lenger i spelutviklinga kan det vere aktuelt å vere med i eit av dei andre kursa.


Blåse støv av felene kurs med Aslak Johnsen
Her ber vi inn alle dei som av ymse grunnar har lagt felene på hylla. No innbyr vi dei til å blåse støvet bort, stemme oppatt fela, og bli med oss på kurs. Vi veit det er mange rundtom som kan tenke seg å vere med i eit spelemannslag, gruppe e.l., men trenger eit puff for å kome i gang.
Her har du sjansen. Meld deg på - enten du spelar fele eller hardingfele.
Vi legg opp til å friske opp / repetere enkle kjende slåttar, og så aukar vi på etterkvart med å lære litt nytt.

Kurs i toradar med Bjørn Ravnestad.
For aktive spelemenn / spelemannslag
Bjørn har vore aktiv i fleire grupperingar og formidlar god og fengande dansemusikk. Her blir det innøving av nytt slåttestoff, og gode tips om teknikk og samspel.

Kursavgift
kr 500,- vaksne
kr 250,- undom / studentar opp til 20 år
kr 100,- barn 10 til 12 år
Inklusivt i kursavgifta er det pausemat, kaffi / drikke og frukt, samt fri inngang på Lauget fredagskvelden, konsert og dans laurdagskvelden.

Påmelding til svein.hjellbakk@outlook.com tlf 91580132
Påmelding er registrert når kursavgifte er innbetalt til
kto. nr. 3705.22.38073

Sjå heile plakaten her: OK-Plakat storkurs Jeremias.pdf