"Eg er veldig audmjuk og takksam for dette. No får eg tid og rom til å fokusere endå meir på musikken. Det gjer veldig godt å få annerkjenning for det arbeidet ein gjer, og det er stor motovasjon for å halde fram. Mottoet mitt har alltid vore "trekkspel til folket" - det blir det endå meir av no.", seier Linda Gytri i høve tildelinga.
 
Gytri er allereie igong med neste CD saman med sin nye norskfinske trio saman med Timo Alakotila (piano) og Anders Bitustøyl (kontrabass). Plata kjem våren 2015. Det er også ei rekkje konsertar framover, mellom anna på Draumelaget for Førdefestivalen. Men aller først held ho konsert i grendahuset Aldaheim i Olden saman med Dag Vanberg, der temaet er lokal lyrikk av Elling Vanberg.

Også Britt Pernille Frøholm vart tildelt midlar under årets tildelingar. Ho fekk 15 000 kr i støtte frå potten Diversstiped som skal vere eit bidrag til den kunstnarlege verksemda til søkjaren.