Kvart år deler FolkOrg ut pris til eit lokallag og ein folkemusikkarrangører som på kvart sitt vis har utmerka seg spesielt.

Årets lokallag

I år går prisen til eit lag som gjer en vesentleg innsats for at folkemusikken og folkedansen er synleg i samfunnet, gjerne gjennom samarbeid med ulike institusjonar, eller andre organisasjonar, og gjerne på tvers av sjangre. Dei nominerte til prisen for årets lokallag 2017 i FolkOrg er Spelemannslaget Fjelljom, Voss spelemannslag og Vågå spel- og dansarlag.

I forkant av utdelinga vil vi presentere kvart enkelt lag her på heimesida.

Prisen er på 10 000 kroner, og vil bli delt ut under årsmøtet i FolkOrg siste helga i april.