Honndalsmusikken bed inn til nytt folkemusikk og dansetreff på Havila Raftevolds Hotell i Hornindal laurdag 27. september 2025 frå kl 19.00.
 
Årets arrangement blir bygd opp på same lesten som tidlegare arrangement, med ein konsert på ein god time, og påfølgande dans til ulike lag og grupper utover kvelden og natta.
 
Til konserten har vi vore så heldige å få med oss Hyen spelemannslag som seinare i haust feirar 55 års jubileum. Jubileet er egentleg eit forsinka 50 års jubileum, då dette vart utsatt pga av Coronaepedemien. Hyarane vil også bidra med dansespel seinare på kvelden.
 
Egil Furnes er ein ung og framadstormande hardingfelespelemann frå Ytre Sunnfjord. Han er aktiv kappleiksdeltakar med gode resultat både frå lokal og landskappleikar. Her vil han bidra med slåttar frå eit rikhaldig slåtterepertoar.
 
Honndalsmusikken vil som vanleg ha ei avdeling under konserten. Og som tidlegare vil vi presentere noko av det eldste og minst brukte slåttematerialet som vi har grave fram i frå Honndalen og bygdene rundt.
 
Til dansen etter konserten vil det bli råd å svinge seg til tonane frå Eid Spelemannslag, Karabandet, Hornindal Spelemannslag , Grannelaget, Hyen Spelemannslag og Honndalsmusikken.
Hotellet er ope for overnatting for dei som ynskjer det, og kafeen på hotellet vil syte for både vått og tørt.
 
Velkomne til eit triveleg spel og dansetreff.