Smorbukk_karamell

Sogndal 3. mars 2018

Smørbukkappleiken 2018

Klart for Smørbukkappleik i Sogndal

Smørbukkappleiken er ein uformell arena der barn og unge får synge, spele og danse for kvarandre, og møte andre unge i fylket med same interessen. Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for deltaking, og på Smørbukkappleiken er det plass til alle, uansett nivå!
 
Alle som deltek får Smørbukk-karamellar i premie. I tillegg vil det vere ein eigen jury som kårar Årets Smørbukk - ei utmerking til den/dei som utmerkjer seg på ein positiv måte i høve til formidling, kreativitet og musikalsk innleving. Vi oppmodar alle om å tenkje kreativt og ta med godt humør! For det er slett ikkje utenkjeleg at det vankar nokre ekstrapremiar til nokon som fortener det.
 
Smørbukkappleiken startar med registrering og kappleik kl. 13:00, etterfulgt av leik og moro før premieutdeling. Det kostar ikkje noko å delta.
 
Smørbukkappleiken er også dette året samlokalisert med Fylkeskappleiken 2018, og det vil vere høve til å kjøpe kaffi, kaker, pølse m/brød og anna på kappleiksarenaen.
 
 
Smørbukkappleiken er sponsa av Norsk Barneblad
| Mer++