Smorbukk_karamell

Smørbukkappleiken 2017 - framleis mogleg å melde seg på.

Meld deg på Smørbukkappleiken! Den går av stabelen i Naustdal 1. april kl. 13:00.

 
Alle som deltek får Smørbukk-karamellar i premie. I tillegg vil det vere ein eigen jury som kårar Årets Smørbukk - ei utmerking til den/dei som utmerkjer seg på ein positiv måte i høve til formidling, kreativitet og musikalsk innleving. Vi oppmodar alle om å tenkje kreativt og ta med godt humør! For det er slett ikkje utenkjeleg at det vankar nokre ekstrapremiar til nokon som fortener det.
 
Last ned påmeldingsskjema og send inn: Påmelding Smørbukk 2017.doc
 
Smørbukkappleiken startar med registrering og kappleik kl. 13:00, etterfulgt av dans og moro med Asbjørg Hustveit Sølvberg og Arne Sølvberg før premieutdeling. Det kostar ikkje noko å delta.
 
Smørbukkappleiken er også dette året samlokalisert med Fylkeskappleiken 2017, og det vil vere høve til å kjøpe kaffi, kaker, pølse m/brød og anna på kappleiksarenaen.
 
Årets Smørbukk-jury er:
Egil Furenes
Dagfrid Vallestad Brevik
Øyvind Sandum
 
Smørbukkappleiken er sponsa av Norsk Barneblad.
 
Påmeldingsfristen var 15.mars, men det er framleis høve til å bli med. Meld deg på snarast!
 
 
| Mer++