Under Vestlandskappleiken i år vert det Sjokoladekappleik der dei frå 0-16 år kan vise seg fram med song, spel, dans. Ein kan delta åleine, i gruppe eller i lag. For dei som deltek ventar det ein lekker sjokoladepremie! Sjokoladekappleiken er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Fyller du 12 år i år? Då kan du delta på den ordinære kappleiken i juniorklassa òg! Sjokoladekappleiken finn stad i Jostedal samfunnshus laurdag 8. kl. 13:30.

Ynskjer du å delta? Send ein epost til post@folkemusikklaget.no med namn og kva du vil delta med på sjokoladekappleiken.

Frå kl. 13 før sjokoladekappleiken vert det òg bokslepp av nytt læreverk for fele/hardingfele, laga av Johanne Mjøs og Maria Toppe.

Sjokoladekappleiken vert arrangert i høve Vestlandskappleiken som finn stad i Jostedal 7.-8. oktober. Meir info om kappleiken finn du på vestlandskappleiken.no.

Spre gjerne infoen vidare til aktuelle elevar, foreldre eller lærarar.

Håpar flest mogleg tek turen!