Om bokplata: "BREIM":
Etter 6 soloalbum med primært eigne songar og tekstar tek Sigrid Moldestad no fram felespelaren i seg og kjem med ei personlig plate med utgangspunkt i røtene sine. Å stå i ein tradisjon krev tid og mot, skriv ho om det nye bokalbumet "Breim". Her har ho gått tilbake til tradisjonsmusikken sin og spela inn eit personleg og ærlig folkemusikkalbum med slåttar som har levd i heimbygda Breim, der ho vaks opp. Den vesle vestlandsbygda var viden kjend for sin slåttemusikk og sine mange felespelarar. Sigrid Moldestad har sjølv gått i lære og studert dei musikalske historiene heimanfrå og no tek ho steget inn i denne musikken med eigne tolkningar på fele, hardingfele og vokal. Det store bandet ho vanligvis omgjev seg med, får kvile, og berre nokre få musikalske gjester dukkar opp på nokre av dei i alt 26 spora. Mykje av musikken vert framført heilt solo.
I tillegg har ho skrive ei bok som følgjer albumet. Her er både personlige beretningar, dokumentarisk materiale om felespelarar og musikken, samt visuelle fortellingar frå heimbygda mellom anna sett gjennom kamera til fotograf Magnus Skrede.

"Eg har lenge kjent på at dette er eit album eg på eit eller anna tidspunkt måtte gjere. Har både drøymt om det, og grua meg litt til det. Kanskje fordi eg kjenner på eit ansvar for alle dei musikalske forteljingane eg har fått i hende og funne fram til. Det kan vere overveldande og komplisert å finne sin plass i ein tradisjon. Eg har nok ikkje vore klar for å gjere dette albumet før no, seier ho og legg til at ho er veldig stolt av all den kraftfulle musikken som har levd i heimbygda. "
Plata er spelt inn i Pederhuset Breim August 2022 og Juni 2023. Direktørbustaden i Vaksdal. Teknikk og miks: Morten Skage
Medmusikarar på nokre spor: Torbjørn Netland ( cittern), Sigbjørn Apeland ( trøorgel) og Morten Skage ( bass).
 
Utgjevar: Grappa Musikkforlag, Heilo.
Pederhuset, Breim 2 desember kl. 14.00
Fri adgong!