Under årets Landsfestival i gammaldans som gjekk føre seg i Kinsarvik var der ei rekkje sterke prestasjonar frå Sogn og Fjordane. I ein av dei prestisjetunge klassane, Lagspel fele/hardingfele, spelte plateaktuelle Gamlebanken spelemannslag seg til finale og gjekk til slutt av med sigeren. Danseparet Anne Louise Drevdal og Tormod Øvrebø som representerer Jostedal Spel- og Dansarlag vann den største klassen på festivalen; pardans. Åsmund Farstad som representerer Spelemannslaget Fjelljom vann klassen solo fele/hardingfele junior og tok like godt både første og andre plassen sidan han stilte opp i både vanleg fele og hardingfele. Åsmund Farstad vart òg tildelt Furestipend som går til ein klassevinnar under 18 år. Hafslobelgen kom til finale i Lagspel trekkspel/durspel og enda på ein sterk tredjeplass. Sogn og Fjordane stilte i alt med 6 spelemannslag, 5 danselag, fleire dansepar, gammaldansgrupper og lagspel trekkspel/torader. Folkemusikklaget sender sine varmaste gratulasjonar!