I samarbeid med Mere Records gjev Britt Pernille ut samtidsmusikk for hardingfele. Verket som blir lansert digitalt fredag 19. mai er "Fragile" av Therese Birkelund Ulvo.Dei som vil høyre stykket live kan få dette med seg på Sentralen i Oslo fredag kveld.

Britt Pernille Frøholm frå Hornindal er oppvaksen med folkemusikktradisjonen i Nordfjord, men har også lang røynsle i å jobbe sjangeroverskridande. I ein tiårsperiode har ho arbeidd med å spesialisere seg på improvisasjon og samtidsmusikk på hardingfele, parallellt med å at ho har arbeidd med innstudering og formidling av den tradisjonelle folkemusikken.

I tillegg til prosjektet “Poems for Hardanger Fiddle” vil ho også gje ut soloplate med tradisjonelle slåttar frå Nordfjord og Sunnmøre hausten 2017.Britt Pernille Frøholm vart i 2016 tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend og har for tida Statens Kunstnarstipend for 2017-19.