Torsdag 23. mars 11.00 - 12.00, slepper Førdefestivalen programmet for heile festivalen. Det skjer på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, og i tillegg til direktøren si guiding gjennom alt som skal skje dei fem festivaldagane i juli, byr vi på enkel lunsj og levande musikk.
 
Torsdagskveld kl. 21:00 ønskjer festivalen velkomen til ein sjeldan konsert, med to av våre finaste musikarar, felespelarane Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad! 
 
Liv Merete Kroken & Sigrid Moldestad
  •   
Dei møttest for 20 år sidan, då dei utgjorde halvparten av det aller første studentkullet ved Ole Bull Akademiet på Voss. Dei to fann kvarandre umiddelbart i eit unikt samspel, og Spindel-duo var eit faktum. Inspirasjonen sin hentar dei frå den vestlandske slåttemusikken.
 
Kroken og Moldestad har eit særeige driv i samspelet sitt. Dei utfyller kvarandre godt, skriv låtar saman og kvar for seg, utfordrar slåttemusikken; men det aller viktigaste for dei, er den heilt spesielle krafta dei kjenner når dei spelar saman. 

Dei siste par åra har Liv Merete og Sigrid late studiar, solokarrierar, born og anna teke det meste av tida, men når dei møtest for øving eller gjer sjeldne konsertar saman, er det mest som tida har stått stille. ”Ei tjue år gamal musikalsk forelsking”, kallar dei det sjølv. 
 
KJØP BILLETT

Billettar: Vaksne 230 / BOB-medl. 180 / Frivillige 170 / Studentar 100 / Born 50