Spelemannen John Oddvar Kandal har teke initativet til å få gitt ut eit nytt notehefte med noko av deira musikk. Slåttar frå dette heftet blir no presentert i ny drakt, og med arrangement av ingen ringare enn Sven Nyhus så dette skulle falle i smak hos nokon kvar. På konserten forrige søndag hadde John Oddvar med seg Helene Myklemyr Bolstad på trekkspel, og i tillegg til smakebitar frå det nye noteheftet vart det også presentert andre perler frå tradisjonsmusikken.