Du kan melde deg på ved å trykke på lenkja her: tevling.folkorg.no

Merk at du må vere medlem i FolkOrg for å delta. Logg deg på din brukar i FolkOrg, trykk Vestlandskappleiken og fyll ut skjema for å melde deg og/eller laget/gruppa/partneren din på.

Deltakarpris:

Senior 300 kr pr. pers (solo og par)

Junior 150 kr pr. pers uansett klasse

Senior i lag/gruppe 150 kr pr. pers

Vedtektene for Vestlandskappleiken vart endra i 2023, og det er no junior/senior inndeling i staden for ABCD klassar. Open klasse har ikkje senior/junior-inndeling.

Det er vidare opna opp for og å bruka runddansslåttar i spelklassane .

I gruppespel er krava 2-4 instrument. Det må ikkje vere minst 2 berande instrument, altså melodiinstrument. Óg her kan ein ein spele ein runddansslått og ein bygdedansslått på same startnummer om ein vil, eller to av same danseform.

Innafor kvar tevlingsgrein (fele/hardingfele, durspel, gruppespel, lagspel) er det maks. 2 startnummer pr.solist, gruppe eller lag.

 

I lagdans junior er kravet for deltakarar minst 3 par, medan i senior er kravet 5 par.

Elles visar vi til tevlingsreglementet til FolkOrg som ein kan laste ned her: https://www.folkorg.no/oppdateringar-i-tevlingsreglementet-for-landskappleiken-og- landsfestivalen-i-gammaldansmusikk-2024.6701412-607397.html

Har de spørsmål om tevlinga, så send gjerne ein epost til Hordaland folkemusikklag ( hordalandfolkemusikklag@gmail.com) eller til arrangøren Kvemmingen spel- og dansarlag (kvemmingen@gmail.com)

 

Vil du vere med som publikum og/eller dansande er prisen som følgjer:

Vaksen:

Berre fredag 10. okt 250 kr

Berre laurdag 11.oktober 250 kr.

Heile helga 400 kr.

 

Ungdom 12-18 år:

Berre fredag 10. okt 100 kr

Berre laurdag 11. okt 100 kr

Begge dagar 200 kr

 

Born under 12 år: Gratis

 

Tevlingsklassar:

 

Tevlingsgrein/dispilin Tal Klassedeling Musikk-krav
Spel fele og hardingfele Solo Junior Slåttespel og/eller runddans.
Spel fele og hardingfele Solo Senior Slåttespel og/eller runddans.
Vokal Solo Junior  
Vokal Solo Senior  
Durspel Solo Junior Slåttespel og/eller runddans.
Durspel Solo Senior Slåttespel og/eller runddans.
Gruppespel 2-4 utøvarar på same instrument Junior Slåttespel og/eller runddans.
Gruppespel 2-4 utøvarar på same instrument Senior Slåttespel og/eller runddans.
Spel eldre folkemusikkinstrument Solo Junior Slåttespel og/eller runddans.
Spel eldre folkemusikkinstrument Solo Senior Slåttespel og/eller runddans.
Open klasse      
Lagspel fele/hardingfele Min. 5 utøvarar, berande instrument fele, h.fele , eller andre folkem.instrument Junior Slåttespel og/eller runddans.
Lagspel fele/hardingfele Min. 5 utøvarar, berande instrument fele, h.fele , eller andre folkem.instrument Senior Slåttespel og/eller runddans.
Lagspel durspel/trekkspel Min. 5 utøvarar, berande instrument durspel/trekkspel Junior Slåttespel og/eller runddans.
Lagspel durspel/trekkspel Min. 5 utøvarar, berande instrument durspel/trekkspel Senior Slåttespel og/eller runddans.
Pardans runddans Pardans Junior Runddans
Pardans runddans Pardans Senior Runddans
Pardans bygdedans Pardans Junior Bygdedans
Pardans bygdedans Pardans Senior Bygdedans
Pardans runddans 3-10 par Junior Runddans
Pardans runddans 5-10 par Senior Runddans
Pardans bygdedans 3-10 par Junior Bygdedans
Pardans bygdedans 5-10 par Senior Bygdedans
Halling Solo Junior  
Halling Solo Senior