Det har kome fram lite om førearbeidet som blei gjort for å skipe eit fylkeslag for folkemusikk for Sogn og Fjordane. Under jubileumstilskipinga for eit par år sidan var det mangelfullt om kva som skjedde den første tida. Sidan eg var med i dette arbeidet har eg skrive om det her før det blir for seint. Mykje av det kan dokumentarast.


Før 1973 var det ikkje noko organisert samarbeid mellom spelemannslaga i Sogn og Fjordane, men det blei skipa til fylkeskappleikar som distriktslaga i Noregs Ungdomslag stod føre. Det var Sogn Ungdomslag, Sunnfjord Ungdomslag og Nordfjord Ungdomslag som veksla med å vere arrangør.


Vestlandskappleiken
Vestlandskappleiken som var eit samarbeid mellom spelemannslaga i Hordaland blei skipa i 1945. I 1967 kom Sogn Spelemannslag med som tilskipar av kappleiken.
I 1972 blei Vestlandskappleiken halden på Oppheim, Vossestrand med Voss Spelemannslag som tilskipar. På førehand var det kalla inn til eit formannsmøte mellom spelemannslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane den 3 september på Vossastølen Turistheim.
På saklista stod eit framlegg til samarbeid mellom spelemannslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane om å stå som tilskiparar av Vestlandskappleiken. Då vart det vedteke med 6 mot 1 røyst (Fjellbekken) at Vestlandskappleiken skulle tilskipast kvart år vekselvis mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Det blei også snakka litt mann og mann i mellom om at arbeidet måtte organiserast betre fylkesvis..


Fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane.
På denne tid arbeidde underteikna som 4H-konsulent i Sogn og Fjordane og reiste mykje i 4H-klubbane i fylket. Under reisene var eg mykje i Sogn og møtte ofte Svein Skjerdal, som budde i Sogndal og leia Sogn Spelemannslag. Då kom vi på tale om at sidan det no var skipa fleire spelemannslag i Sogn og Fjordane ville det vere naturleg om spelemannslaga overtok fylkeskappleiken. Vi kontakta ungdomslaga om dei var villige til til å gje frå seg desse tilskipingane og svara frå ungdomslaga var posetivt. Dermed var det klart at spelemannslaga kunne ta over og Svein og underteikna blei samde om at Sogn Spelemannslag kunne stå som første tilskipar våren 1973, og at Naustedalen Spelemannslag skulle arrangere fylkeskappleiken i 1974. Underteikna fekk som oppdrag å lage framlegg til vedtekter for kappleiken.

Fylkeskappleiken 1973
Kappleiken vart skipa til på ”Knausen Fjordresort” på Hermannsverk laurdag den 31. mars 1973. Det var ikkje førehandspåmelding til kappleiken. Det deltok 16 enkeltspelemenn, 2 spelemannslag, 16 dansepar og 1 hallingdansar.

Framlegg til vedtekter for fylkeskappleiken blei vedteke på eit leiarmøte under kappleiken. Det blei også bestemt at det skulle førast ein protokoll med dommaravgjersler (resultatlister) og referat frå kappleikane og formannsmøta. Protokollen skulle leverast vidare til neste års tilskipar og vidare til framtidige tilskiparar. Underteikna stod for innkjøp av protokollen som blei brukt nokre år, men har seinare forsvunne og ikkje kome tilrettes.


Fylkeskappleiken 1974
Kappleiken vart halden i Naustdal Barne- og Ungdomsskule 27. og 28. april. Her var det heller ikkje førehandspåmelding og det blei så stor deltaking at avisa Firda skreiv i reportasjen etter kappleiken: ”Å gå inn i eit program på 70 nummer er uoverkommeleg”
Neste års kappleik vart vedteke skulle haldast i Stryn eller Hornindal.

Her er lista vidare dei første åra etter 1974:
1975 Hornindal, 1976 Hermansverk, 1977 Skei, 1978 Førde, 1979 Stryn, 1980 Vik.

15. og 16. mars 1980 blei det halde eit instruktørkurs i Førde med deltakarar frå spelemannslaga og med Sven Nyhus som lærar. Då vart det halde eit møte og bestemt at det skulle veljast eit interimstyre for å vurdere skiping av eit fylkeslag for folkemusikk i Sogn og Fjordane. Desse vart valde: Svein Skjerdal for Sogn, Sigmund Eikås for Sunnfjord og Svein Hjellbakk for Nordfjord.

Dette blei starten på Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Kva som skjedde vidare går vel fram av av protokollane til laget.

 

Einar Eimhjellen

 

Vedlegg (i bileta under artikkelen):
1 Det første framlegget til vedtekter for fylkeskappleiken i Sogn og Fj.
2 Merknader frå Sogn Spelemannslag.
3 Endeleg framlegg til vedtekter.
4 Brev frå Sunnfjord UL.
5 Brev frå Sogn Spelemannslag om Fylkeskappleiken 1973
6 Brev om Fylkeskappleiken 1974.
7 Brev til spelemannslaga om kurs og om framtidig organisering.
8 Foto 1 frå instruktørkurset der det blei halde møte om skiping av fylkeslag.
9 Foto 2 frå instruktørkurset.