Me har gleda av å presentera at opningskonserten på Vestlandskappleiken 2023 vert ei konsertførestilling sett saman av Fordjupingsprosjekt i folkemusikk og folkedans, eit prosjekt med 19 ungdommar i alderen 13-19 år frå heile Vestland fylke. Målet med prosjektet er å gje eit tilbod til elevar som har særleg interesse og føresetnader for å arbeide med og å utvikla seg innan folkemusikk og folkedans. Deltakarane i prosjektet er med på fleire helgesamlingar året, i tillegg til einskildtimar, gruppeundervisning, spelemannslag og dansegrupper i sine lokale miljø.

I prosjektet, som er initiert av Bergen ungdomslag Ervingen og Bergen Kulturskole, med stønad frå Sparebankstiftelsen DNB, er det lagt opp til samarbeid og erfaringsdeling med  folkemusikk og -dansemiljøa i kulturskulane i Vestland fylke, samt organisasjonar som er knytt til folkemusikkmiljøet i og kring Bergen. Dei vil organisera eit nettverk både mellom elevar, men også på lærar- og leiarnivå. Med på laget har dei pedagogar som er knytt til dei ulike kulturskulane og fagmiljøet kring hardingfele, toradar og folkedans. Me gler oss til å sjå og høyre kva dei talentfulle ungdommane har jobba med! Rett etter konserten vert det utdeling av Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for unge utøvarar på hardingfele 2023. Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge,  og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som tilsvarer C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal eit personleg stipend. Minneprisen er på kr. 15 000,-.


Tid: Fredag 13. oktober 2023, kl. 19:00
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18, Bergen


Vel møtt!