Over hundre bygdebolk møtte opp i Honndalshallen for å heidre Oline Løvlid 26. desember. Då fekk ho overrekt Kongens fortjenstmedalje av ordførar Stig Olav Lødemel. Løvlid har lagt ned ein formidabel innsats for folkesongen i heimbygda, samt eit godt arbeid for frivillige lag og organisasjonar i bygda. Blant dei frammøtte var også tidlegare og noverande elevar av Løvlid som bidrog med song.

Gjennom fleire tiår har Oline lært folkesong til born og unge i Hornindal. I 2006 kom plata "Fortal" ut. Ei utgjeving med 67 folkesongarar frå Hornindal i eit alderspenn frå 3 til 93 år - eit synleg resultat på noko av arbeidet Oline har lagt ned i bygda. Oline Løvlid er A-klassing i vokal folkemusikk og har tidlegare fått tildelt ulike prisar og stipend for sitt arbeid med formidling og innsamling av den vokale folkemusikken frå Hornindal, blant anna folkemusikklaget sin folkemusikkpris i 1998.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag gratulerer Oline Løvlid med Kongens fortjenstmedalje!