I helga (21.-23. april) samlast 26 born og unge på Skei skule for å spele folkemusikk saman, leia av dyktige instruktørar frå heile fylket. Målet var fyrst og fremst å samlast og treffe andre folkemusikkinteresserte frå fylket, men òg å øve til prosjektet «Verdens største spelemannslag». Dette er eit prosjekt drive av hardingfelespelarane Johanne Løkensgard Mjøs og Maria Skjeldrum Toppe i samarbeid med FolkOrg. Slåttane som vart lært vekk på TØFT-kurset skal framførast på Jubileumskonserten til FolkOrg, tidlegare Landslaget for spelemenn, som vert 100 år i år. Konserten skjer i Grieghallen 14. oktober, under Vestlandskappleiken i Bergen. På konserten vert òg born og unge frå resten av fylket med, noko som vil resultere i eit skikkeleg storlag. I helga var det fyrst og fremst dei frå Sogn og Fjordane som deltok på kurs.

 

Samlinga i helga var ein del av Sogn og Fjordane folkemusikklag sitt TØFT-prosjekt. TØFT er eit rekrutteringsprosjekt for born og ungdom i Sogn og Fjordane som driv med folkemusikk og folkedans. Formålet med prosjektet er å samle og rekruttere born og ungdom mellom 9 til 18 år frå Sogn og Fjordane til sosiale ungdomssamlingar, kurs, konsertar eller dans.

 

I 2023 tok altså TØFT-prosjektet form gjennom eit helgekurs i hardingfele, trekkspel, cello og fele der slåttane som vart lært vekk var dei same som skulle framførast dette storspelemannslaget. Desse slåttane var òg ein del av Maria Skjeldrum Toppe og Johanne Løkensgard Mjøs sitt nye bokutgjeving "Våre slåttar - eit læreverk for hardingfele", som vart lansert på Vestlandskappleiken i Jostedal 8. oktober. Læreverket består av eit repertoar med hardingfeleslåttar i stadig aukande vanskelegheitsgrad, samt QR-kodar til sakte og raske innspelingar av slåttane.

 

På fele var distriktsmusikarane i Gloppen og Sogn, Henrik Silfverhielm og Marin Stallemo Bakke instruktørar. På cello var Live Norberg frå Bergen instruktør. På trekkspel kom naustedølen Emil Horstad og heldt kurs. Maria Skjeldrum Toppe og Johanne Løkensgard Mjøs tok seg av dei unge hardingfelespelarane. Ingrid Schei Stuhaug var kursleiar.

 

Helga var vellukka, og kursleiar fekk mykje god tilbakemelding på opplegget, maten frå Skei servicesenter, artige fellesaktivitetane med leik og dans, og dei dyktige og kjekke instruktørane. Kurset vart avslutta med ein konsert, der deltakarane kunne vise fram det dei hadde lært, og foreldra som høyrde på var svært imponert over alt dei hadde lært. Det vart allereie på kurset, om det same skulle skje neste år òg, noko Sogn og Fjordane folkemusikklag siktar på å få til.

 

Sogn og Fjordane folkemusikklag vil takke alle deltakarar, frivillige, instruktørar, nattevakter, og sponsorar for ei kjekk helg. TØFT 2023 er sponsa av Bergesenstiftelsen, Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga og Sparebanken Vest gjennom Ildsjelfondet.