Distriktslaget i Sogn og Fjordane samla seg att til øving til tevling og dansespel på Landsfestivalen i august. Økta var leia av Vidar Underseth. Av dei oppmøtte var det representantar frå alle regionar i Sogn og Fjordane, samt nokre frå Møre og Romsdal. Heile 20 stykk møtte opp denne gongen, og endå fleire skal vere med på Landsfestivalen i august.

Laget har no òg fått eit namn, nemleg: "Heimelaget". 

Det var ei kjekk øving, der praten sat laust i pausane, der det òg vart servert mat og kaffi.

På øvinga var det registrert bindande påmelding til Landsfestivalen, og det ser ut til at det kan verte eit skikkeleg storlag med oppi 27 stykk på scena.

 

Vi gler oss til neste øving 29. juli på Jølster samfunnshus!