Etter over fire år i Berlin og mange år som frilansar kjem ho no tilbake til heimfylket for å starte i jobben som musikar og pedagog. Ho har turnert i store delar av verda både solo og i lag med andre musikarar.


Britt Pernille har vakse opp med folkemusikkopplæring i heimbygda Hornindal, og har seinare studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet og Høgskulen i Telemark.
Ho er svært opptatt av tradisjonsmusikken frå heimfylket og har ein djup kunnskap om denne musikken. Den ynskjer ho å gje vidare til nye generasjonar
elevar i Sunnfjord og i Vestland fylke.


Ho startar i jobben tidleg i januar.


Britt Pernille sjølv feirar tilsetjinga med singelslepp av «Tikroneslåtten» med Kviven duo ilag med Jorun Marie Kvernberg. Vi gratulerer!