Laurdag 18. mai om kvelden er det duka for storfest i Jostedalen. Då har me vore heldige å få hit den landskjende gruppa Lendmenn til å spele opp til dans i Jostedal samfunnshus.

På dagtid, før dansefesten, blir det kurs i runddans/gammaldans med Øyvind Sandum og Mari Midtli. Då kan dei som ynskjer å finjustere rytme og steg før festen om kvelden, komme og få rettleiing. Kurset varer 2 timar og er for alle uansett erfaring.

- Det er mange danseglade sogningar som ser fram til denne kvelden, og det ryktast og at det kjem tilreisande frå fleire stader i fylket.

Treng du overnatting er det ope på Jostedal hotell og Jostedal camping. Dei kan tilby hotell eller campinghytte til ein rimeleg pris. Jostedal hotell v/Laila Gjerde tlf 57683119

 

Kurs med Øyvind Sandum og Mari Midtli - Kr 100. Påmelding innan 16. mai

Dansefest med Lendmenn - kr 300

Kurs og dans kr 350

 

Hugs å melde deg på kurset til Arnfinn Gjerde tlf 90518849 innan torsdag 16. mai!

 

For spørsmål, ta kontakt med:

Oddbjørg Ese

Tlf: 414 60 468

 

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Om Lendmenn

Lendmenn frå Ottadalen spelar fengande runddansmusikk med eit ungdommeleg og utåtvendt preg. Gruppa vart starta i 2005, og har i løpet av dei siste ti åra etablert seg som ei av landets beste innan sin sjanger. Publikum og dansarar landet rundt har bite seg merke i den unike kombinasjonen av bratsj, toradar og trekkspel i drivande samspel med bass og gitar.

Lendmenns medlemmer er brørne Bjørn Kåre (fele og bratsj) og Mads Erik Odde (trekkspel), far deira Bjarne Odde (kontrabass) og slektningene Steinar Odde (gitar) og Øyvind Sandum (durspel). All musikken dei spelar er dansemusikk, og dei meiner sjølv at musikken fyrst kjem til sin rett når det er dans til.

I 2018 vann Lendmenn gruppespelklassa på Landsfestivalen i gammaldansmusikk for andre året på rad. Så ein kan trygt seie at dei vil servere Sogningane det beste innan sjangeren i dag!

 

Foto: Johannes Selvaag