Slik kan ein oppsummere Mokurset 2017.

Over 50 deltakarar og instruktørar hadde ei framifrå folkemusikkveke på Mo 9.-14. juli. Med nokre tårer til farvel vart det gjort fleire avtalar om å møtast att neste år. Vel møtt til Mokurset 2018 i veke 28, same stad!

Ps: om nokon har gløymt att badekle fann kursleiar ein pose med bikini, t-skjorte og shorts i hallen. Om du saknar det kan du ta kontakt med Ingrid Heieren på 958 26 237, så får du det tilsendt i posten.

Håpar alle har ei strålande sommar vidare. Vi sjåast på Mo 2018!

 

Foto: Knut Utler