Det blir sagt om Harald Hesjevoll at hadde det ikkje vore for hans kunnskap, pågangsmot og initiativ til å starte oppatt spelemannslaget, er det ikkje sikkert tradisjonane knytt til folkemusikken og folkedansen hadde overlevd i Jostedalen.
Harald vart interessert i felespel alt som liten gut, og med onkelen, storspelemannen Sjur Hesjevoll (1914-1994) som læremeister, fekk han ein god start med det som skulle bli ei livslang interesse og aktivitet. Han oppsøkte etterkvart fleire spelemenn i bygda og fekk berga og vidareført den folkemusikalske arven som i dag lever vidare i beste velgåande.
Som musikalsk leiar i Jostedal spel- og dansarlag var det Harald som tok initiativ til rekruttering og opplæring på både hardingfele og trekkspel, og han underviste også i kulturskulen. Han var også ein sterk pådrivar for at laget skulle vere arrangør av kappleikar og dansekveldar. Med sin omfattande tradisjonskunnskap var han også dommar på kappleikar og festivalar, både lokale, regionale og nasjonale.
Harald Hesjevoll medverka i fleire gamaldansorkester, var ein ettertrakta spelemann til dansekurs, og som komponist komponerte han mange slåttar i folkemusikksjangeren. Det vart også plateproduksjonar saman med musikarvener, mellom anna dei gode og populære innspelingane «Jostedøl’n» og «Helsing til Styggevasshytta» utgjeve på plateselskapet Heilo.
Etter å ha arbeidd i ulike bransjar både i Årdal og Luster i mange år, skjedde det eit byte av yrkesveg i 1991. Etter å ha studert folkemusikk på Akademiet i Rauland vart han tilsett som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane. Fylkesmusikarordninga som vart starta i 1989, hadde ei ledig stilling. Harald Hesjevoll skulle vise seg å bli eit stødig og kjærkome tilskot i ordninga både på hardingfele og trekkspel. Med sitt gode lynne og rolege vesen var han ein svært god kollega, møtte alltid godt førebudd og med eit lunt smil til øvingar, konsertar og framsyningar. Ein allsidig og kreativ musikar som bidrog til gode og varierte produksjonar for eit stort spekter av målgrupper.
Det vart eit stort sakn då han på grunn av helsa måtte slutte som fylkesmusikar i 2008. Vi som fekk arbeide saman med Harald Hesjevoll har mange gode minne frå dei 17 åra han var tilsett som fylkesmusikar. Små og store konsertar for born og ungdom, skular, barnehagar, institusjonar og offentlege framsyningar, kurs og turnear både i Norge og i utlandet. Sjølv framheva han særleg reisa saman med fylkesmusikarane til Botswana og Afrika som ei oppleving som verkeleg sette spor.
På Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (no Vestland) kan ein finne 17 opptak med Harald Hesjevoll på hardingfele. Her spelar han både eigne slåttar og melodiar, men også tradisjonsmusikk frå Jostedalen og Indre Sogn.
I 2008 vart Harald utnemnd til æresmedlem i Jostedal spel- og dansarlag som ei anerkjenning for det store arbeidet han gjorde for folkemusikken i området. Same året vart han tildelt Sogn og Fjordane folkemusikklag sin folkemusikkpris – ei utmerking som blir gjeven til personar som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på, vidareføre og utvikle folkemusikktradisjonane i fylket.
Harald Hesjevoll døydde 24. juni 2025, 79 år gamal.
Våre tankar går til Dagrun og familien som har mista ein kjær ektemann og far, bestefar
og oldefar.
Elin Pehrson Grytting og Øyvind Lyslo
På vegner av Sogn og Fjordane folkemusikklag og Fylkesmusikarordninga i Sogn og
Fjordane.