Etter at Sogn og Fjordane folkemusikklag la ut forslag om å danne eit felles spel- og dansarlag til deltaking på Landsfestivalen 2.-6. august i Førde til høyring, møtte prosjektet stor interesse at folkemusikklaget har vedteke å halde fram med planlegginga av prosjektet. Det var færre som var interesserte i å danne dansarlag, så vi ber med dette om at fleire melder seg på før vi kan gå fram med danning av dansarlaget. Påmelding gjerast ved å sende epost namn og anten instrument eller dans til post@folkemusikklaget.no.

Målet er å samle eit stort hardingfelelag med komp og eit dansarlag tre - fire gongar i løpet av vårhalvåret sentralt i Sogn og Fjordane der medlemmene av det nye laget kan samlast og bli betre kjent, lære nokre nye slåttar eller dansar av dyktige instruktørar og førebu seg på å spele på Landsfestivalen i gammaldans i Førde 2. - 6. august. Laget er for alle som er interesserte i folkemusikk og folkedans og hovudføremålet er å skape eit godt og inklude rande miljø. Ein treng ikkje å vere medlem i noko lokallag frå før for å melde seg på, og det einaste kravet er at ein har spelt/dansa ein del frå før og at ein ikkje er heilt nybyrjar. For dei som er medlemmer i andre lokallag frå før, så er det viktig å poengtere at ein kan delta i fleire lag på Landsfestivalen i gammaldans. Prosjektet er ikkje meint å vere eit overskotsprosjekt og hovudføremålet er å ha det kjekt saman, og vi inviterer difor dei som driv eller har drive med hardingfele, trekkspel eller folkedans til å vere med. Spelar du fele, men ikkje har hardingfele tilgjengeleg, kan vi legge til rette for at dette kan leigast. Laget har òg behov for ein person på kontrabass og ein på akkustisk gitar til å vere med på komp, så her er det berre å melde seg på til post@folkemusikklaget.no.

Les heile høyringsbrevet her.