Mat

Middagen vert servert både fredag og laurdag mellom 18 og 21. Prisen er kr. 495 frå 13 år og opp, kr. 200 for born mellom 5 og 12 år, gratis for born under 5 år. Om de skal ha middag, ber vi om at de reserverer dette ved å sende epost til jolster.resepsjon@olavthon.no eller ringe 57 72 78 00.
Det vert open kiosk på hotellet.

 

Overnatting

Sogn og Fjordane - kappleiken skjer på Skei i Jølster, eit knutepunkt i Sogn og Fjordane som binder dei tre regionane saman, og det går difor mange bussar til Skei frå rundt om. Vi anbefalar å sjekke entur.no dersom du reiser kollektivt. Dersom du reiser med bil, kan du putte Thon Hotel Jølster på GPSen, ettersom det er kappleiksarenaen. Under finn de ei liste over aktuelle stadar å overnatte, i ulike prisklasser og ulike avstandar til kappleiksarenaen. Trykk på namnet på overnattingsplassen for å kome til nettsida med meir informasjon og booking.
 

Thon Hotel Jølster (Skei hotell)

Hotellet er òg kappleiksarenaen og difor så nært ein får det.  For bestilling kan du trykke på denne lenkja:
 
 

Prisar:

  • 995 kr - Enkeltrom for ein person, per natt
  • 1195 kr - Dobbeltrom for to personar, per natt
  • 1595 kr - Trippelrom for tre personar, per natt
  • 1795 kr - Familierom for fire personar, per nat
 

Klasserom på Skei skule

Det vert ikkje klasseromsovernatting på Skei skule i høve kappleiken. Ynskjer de å leige eit klasserom, ber vi om at de tek direkte kontakt med Skei skule ved rektor Annette Dale Natås: Annette.Dale.Natas@sunnfjord.kommune.no
 

Jølster Panorama, Skei

Campingplass ved Jølstravatnet i ca. halvannan km frå hotellet.
 

Skei servicesenter, Skei

Utleige av hytter 500 m frå hotellet.
 

Lunde Turiststasjon, Lunde

Ligg i retning mot Fjærland
 

Airbnb

På Airbnb kan ein tinge overnatting privatpersonar som tilbyr overnatting.

 

Andre campingplassar i nærleiken:

Jølsterlia hytter, Årdalen

 

Jølvassbu camping, Vassenden

 

Øvrebø hytter, Vassenden

 

Byrkjelo camping, Byrkjelo