I samband med den årlege Viksdalsmarknaden skipar Gaular Spelemannslag til marknadsfest laurdag 12.november. Arrangørlaget gjer som i fjor, slår eit slag for dansen, sløyfer den tradisjonelle konserten som start på festen og spelar opp til dans kl 20.00.
 
Alle nabo-spelemannslaga er inviterte til å  sørge for flott dansespel vidare utover kvelden. Dalsfjorden Spelemannslag,  Naustedalen Spelemannslag, Folkemusikklaget Havbrusen og  Indre Sunnfjord Spelemannslag er godt oppspelte etter jubileumsfesten i Fjaler og kjem alle til Viksdalen denne kvelden, noko vi i Gaular Spelemannslag set umåteleg  stor pris på!
 
Danseglade i alle aldrar er velkomne, frå dei yngste og til dei eldste.  Vi håpar på fullt hus og god stemning!
 
Sal av betasuppe, kaffi og kake.
Inngong vaksne kr 150, skuleborn/ungdom 50,-.