majorstuen

Turné 1.-8. september

Majorstuen til Stryn og Straumsnes!

Majorstuen har spelt nærare 300 konsertar i 30 land, og har gjennom sitt utforskande og leikande sceniske uttrykk satt ein ny standard for korleis folkemusikk kan formidlast til eit bredt publikum.
Folkemusikken er Majorstuen sin grunnpalett, men dei let seg også påverke av det som rører seg rundt i andre musikalske sjangrar.
 
Det er ikkje ofte Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler vert nevnt i ein og same setning. Men då dei fem musikarane og komponistane i Majorstuen vart utfordra til å bruke litteratur som inspirasjon for ny musikk, bestemte dei seg for å bruke heile spennet, frå moderne underhaldningslitteratur til klassiske verk, som utgangspunkt.

I SKRIBLE tar Majorstuen publikum med på ein litterær blåtur med høgst musikalske stoppestader!
Medverkande: Synnøve S. Bjørset, Tove Hagen, Jorun Marie Kvernberg, Anders Löfberg og Bjørn Kåre Odde.

DETALJAR STRYN:
Tirsdag 5. september kl 18:30 i Ungdomshuset Skogstjerna (Markane) - Sjå arrangementet på facebook
Arrangør for konserten i Stryn er Majorstuen og Tysdagssveitten/Spelemannslaget Fjelljom. 
Etter konserten, klokka 20, blir det sesongstart for Tysdagssvetten, og danseglade kan svinge seg til eminent dansemusikk ved Spelemannslaget Fjelljom.
Billett kr. 200,-
Student kr 100,-
Born og ungdom t.o.m. ungdomsskulealder går gratis.
Funksjonshindra med ledsagarbevis får gratis inngang for sin ledsagar. 
Billettar selgast i døra. Me kan også ta kort.
 
DETALJAR STRAUMSNES:
Søndag 3. september kl 19:00 - sjå arrangementet på facebook
Arrangør er Majorstuen og Dalsfjorden Spelemannslag.
Billett kr. 200,- 
Born/ungdom/student kr 100,-
Funksjonshindra med ledsagarbevis får gratis inngang for sin ledsagar. 
Billettar selgast i døra. Me kan ta kort.
Kart: https://goo.gl/maps/81rbZDLf5g62
 
HEILE TURNÉLISTA:
1. september Vågå: Diktardagar
3. september Straumsnes Grendahus, Fjaler
5. september Ungdomshuset Skogstjerna, Markane, Stryn
7. september Fosnavåg konserthus
8. september, Bjørnsonfestivalen, Molde
| Mer++