Liv Ulvik har tidlegare arbeidt som rådgjevar for utøvarutvikling i Folkorg, og vore styremedlem i Laget for folkemusikk i Oslo. Ho er og aktiv folkesongar og har spelt konsertar rundt om i verda med mange ulike grupper, til dømes Eplemøya songlag, La Chimera og Al Andaluz. I Trio Lærdal spelar ho folkemusikk frå Lærdal og bygdene rundt. Ho har vore dommar i vokal og open klasse på Landskappleiken to gonger, dirigert Songlaget i BUL og Bygdelagskoret i Oslo og vore songlærar på musikkakademiet på Zanzibar.  

Liv Ulvik har no busett seg i Lærdal for å overta slektsgarden.

- Eg ser fram til å få vere med å arbeida for folkemusikken og –dansen i Sogn og Fjordane, seier Liv. 

-  Liv Ulvik har ein spennande og høgst relevant bakgrunn. Vi i styret ser fram til eit gjevande samarbeid og ynskjer Liv Ulvik hjarteleg velkommen i jobben, seier Knut David Hustveit, som er styreleiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag.