Linda Gytri Trio - Trekkspelpoesi og gladmelankoli

Tittelen på plata kjem frå latin, og betyr å lytte.  «Det er så viktig å stoppe opp, trekke pusten og lytte»  skriv Gytri i coveret. ”Lytte innover, forbi tankar og firkanta boksar, til di eiga stemme, din eigen tone – til ditt eige hjarte. Først då kan du velje din eigen veg”. 

Gytri si første plate Umbra(2012) hausta glitrande kritikkar og vart nominert til Folkelarmprisen. Debutplata bestod av solo trekkspellåtar og små tekstar til kvar einskilde låt. Også på Audire har Linda skrive forteljingar til musikken, saman med Oddleiv Apneseth sine flotte foto.

 

Motstraums

I ei tid når CD- formatet pålag er ein utryddingstrua art har Linda Gytri Trio valgt å gå mot straumen, og heller gjere noko meit utav sjølve CD- coveret. «Til bilda fekk vi låne nokre nydelege grammofontutar frå Ernst Rykkje sitt Grammofonmuseum i Hardanger, og målet har vore å få til ein samklang mellom musikk, tekstar og det visuelle. Dei små tekstane i coveret kan kanskje kallast for ein slags trekkspelpoesi.» smiler Linda.

Lyttande samspel

Medmusikarane på plata er den finske pianolegenda Timo Alakotila (JPP, Maria Kalaniemi Ensemble) og telemarkingen Anders Bitustøyl  på kontrabass (Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band). «Det er er ein herleg luksus å få med Timo og Anders, og vi har lytta oss fram til vår felles tone”.

Musikarane har solid forankring i ulike sjangrar kvar for seg – nordisk folkemusikk, pop, reggae og finsk tango! Saman møtest dei i Gytri sine folkemusikalske nye låtar. Leikande, drøymande og med intens musikalsk kraft fortel musikken deira blant anna om ei smilande Svarvesol, ein Tuk Tuk i indisk kaostrafikk og det vakre ved å ligge under ein vestlandsk Apal og berre kvile.

Lindas Land

Gabriel Fliflet omtalar Audire som ei plate i Lindas Land: ”Det er godt å vere i Lindas Land. Musikken får både byggende bunnbass og flyktende toner fra et lengtende, finsk piano, som svarer på Lindas rappe toner, søkende vendinger og fornøyde utropstegn.”

Gytri er tildelt Statens Kunstnarstipend over to år, og Audire er hennar hovudsatsing denne våren. Dette er hennar andre plate utgjeven av Lærdal Musikkproduksjon, Irene Tillung frå Voss er produsent og det er her duka for trekkspelpoesi og norskfinsk gladmelankoli av beste sort.

…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………....

”Musikk som tar aller korteste vei fra hennes fingre til våre hjerter, og som rører ved det dypeste i den som vil lytte” Platemelding Umbra, Sindre Bremnes, Bladet Folkemusikk

 

”Sterke melodiar frå var og elegant trekkspelar” Platemelding Umbra, Stein Urheim, Dag og Tid

 

“Gytri’s music sits close like an intimate friend, holding hands, reassuring solitary moments. The sounds of her music would generate a melodic response anywhere in the world.” Vandana Shukla, The Tribute, India

……………………………………………………………………………………………………………………………………………………………..

 

PLATESLEPPTURNÈ Linda Gytri Trio – AUDIRE

2. mars - Columbi Egg, Bergen

3. mars - Tre Brør, Voss

5. mars - Riksscenen, Oslo

25. mars – Blomsterhagen, Florø

26. mars – Blaoboksen, Sogndal

27. mars – Oldedalen Grendahus

…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………....

Musikarane på plata:

Linda Gytri  – trekkspel og komponist

Timo Alakotila (Finland)  – piano

Anders Bitustøyl – kontrabass

 

www.lindagytri.com

 

www.facebook.com/lindagytritrio