Pressemelding: Linda Gytri Trio i studio med ny plate

I Linda Gytri trio finn ein pianolegenda Timo Alakotila frå Finland og telemarkingen Anders Bitustøyl på kontrabass saman med Linda på trekkspel. Alakotila underviser ved Sibeliusakademiet i Helsinki og er kjend frå JPP og Maria Kalaniemi Ensemble, medan Bitustøyl spelar i banda til blant andre Sigrid Moldestad og Morten Abel. Alle tre musikarane har bakgrunn frå ulike sjangrar – nordisk folkemusikk, reggae, pop og finsk tango!

Plata skal få navnet Audire, fortel Gytri. – Ordet kjem frå latin og betyr ”å lytte”. Eg føler at det å lytte er noko av det viktigaste vi gjer, både i livet og i musikken. Lytte til våre medmenneskjer, lytte til naturen, og våge å lytte til oss sjølve ikkje minst. I musikken er eit lyttande samspel skilnaden på det å berre spele samstundes og det å faktisk spele saman.

Trioen møttest til samspel for første gong i januar tidlegare i år. Så har musikken fått modna kvar for seg før dei no møtest i studio att. – Eg er veldig takknemleg og glad over å ha fått med meg så fantastisk gode musikarar, seier Linda. – Det er artig å oppdage korleis låtane endrar karakter i møte med nye menneskjer og instrument. Litt skummelt er det sjølvsagt, på ein veldig god måte.

Å gjere innspelingane hjå Tom Karlsrud i Lærdal er eit medvite val. – Det er veldig kjekt å få til eit plateprosjekt her heime i eige fylke, fortset Gytri. Produsent for plata blir Irene Tillung frå Voss, og det blir nok ein gong Oddleiv Apnseth som fotograferar bilete til cover. - Heilheita mellom musikk, tekstar og det visuelle er viktig for meg, fortel Linda. - Alt heng saman med alt, også på ein CD.

Førstkommande helg spelar Linda Gytri Trio sin aller første konsert saman på festivalen BLEST i Førde, før det så blir stille fram til plateslepp i februar/ mars førstkomande vår. Då blir det turnè med konsertar mellom anna i Oslo, Bergen og rundt i Sogn og Fjordane.