I 1986 vart Landsfestivalen i gammaldansmusikk arrangert i Førde for aller første gong. 3.-7. august 2016 henta Jostedal spel- og dansarlag og Gamlebanken Spelemannslag festivalen heim til vertsfylket for å heidre musikken og dei tretti åra. Dette vart gjort på ein formidabel måte med den tradisjonelle tevlinga og ulike konsertar. Opningskonserten onsdag "Frå Sygnefest til Skjoldar - 20 tradisjonsmil" tok føre seg tradisjonsmusikken langs heile sognefjorden, leia av Jens Brekke. Jubileumskonserten fredagskveld vart leia av Finn Tokvam som saman med arkitekten bak landsfestivalen, Sigmund Eikås, fortalte store delar av historia frå festivalens morgon og fram til i dag, ispedd god og variert musikk som har prega desse åra.

Det var god deltaking frå Sogn og Fjordane i tevlingane - heile 10 av 20 lag i lagspel! Gamlebanken Spelemannslag kom i finalen og spelte seg til 4. plass. Honndalstausene fekk plassering og kom på 6. plass. I den nyoppretta klassen lagspel durspel/trekkspel fekk Hafslobelgen 3. plass, og i kanskje den gjevaste klassa, gruppespel, fekk gruppa Ein haile halve maone 3. plass etter finalespel laurdagskveld, med Labakkalaget på 4. plass.

I lagdans senior kom Lystringen til finalen og dansa seg til 4. plass med sin reinlender, og i pardans kom Leon Årdal og Irene Hestvik til finalen, saman med seks andre par, og endte til slutt i alfabetisk rekkefølgje.

Britt Pernille Frøholm gjorde det skarpast av fylket sine deltakarar i solo fele/hardingfele og kom på 4. plass i si klasse.

Sjå heile resultatlista her: Fullstendig_Resultatliste_Landsfestivalen_2016.pdf