«Kvakksalvar-Guri» er debutalbumet til Kviven duo. Bak namnet finn me dei godt etablerte meisterspeledamene Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm som no har slått seg saman for å løfte fram perler frå Nordvestlandet. Den vestlandske blygselen svinn som dogg for sol når den framoverlente duoen triv felene sine. Dei framfører gamle danseslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre med ein djervskap og energi som får det til å rykkje i dansefoten.

 

Utan å gå på kompromiss med tradisjonen kastar Frøholm og Kvernberg nytt lys over musikk som har levd i området i fleire hundreår. Det musikalske utgangspunktet er tradisjonelle feleslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre generelt, Hornindal og Volda spesielt - bygder som dei to utøvarane har sterk tilknyting til.

 – Livshistoriene til kjeldene våre følger med oss på vegen fram. I denne prosessen har dei inspirert oss og hjelper oss med å sette retning for framføring og arrangement. Me har historiene om Syvdsnesen som kappspelte med Ole Bull og som brende fela si på dødsleiet, Lars Eriksen Brendefur som i krigsteneste rundt 1810 imponerte prins Christian August med felespelet sitt, og Myre-Mons som under bryllaupsspeling vart svimeslått av ein tommel som kom fykande gjennom lufta! Også den uredde 246-åringen Kvakksalvar-Guri kviknar til når me hiv oss inn i leiken hennar! smiler Kvernberg.

Duoen brenn for den tradisjonelle folkemusikken, og har ein visjon om å gi den gode levekår i samtida. Slåttemusikken har dialekter på same måte som talespråket i vårt langstrakte land. I Nordfjord og på Sunnmøre finn me kvikke slåttar med ei skarp takt og ein munter kveik. 

– Interessa for tradisjonsmusikken ligg i botnen for alt me to gjer som enkeltutøvarar i alle slags konsept; Jorun Marie Kvernberg m.a. i nyskapande folkemusikkband som Majorstuen og eg sjølv både som tradisjonsutøvar og som samtidsmusikar i t.d. prosjektet «Poems for Hardanger fiddle», fortel Frøholm.

I Kviven duo får me boltre oss i den tradisjonelle musikken samtidig som me tek den eitt steg vidare inn i det harmoniske med tostemt spel.

Frå gamalt av har det vore sterke band mellom bygdene Volda og Hornindal, med spelemenn som vandra att og fram over fjellet Kviven for å dele slåttar og finne tonen saman. I 2012 klirra ministrar og ordførarar med kjeder og klipte snorer når milliardprosjektet Kvivsvegen endeleg stod ferdig. Dette nyt mellom anna Kviven duo godt av i dag, når dei no kan suse gjennom tunellsambandet mellom Hornindal og Volda og utveksle slåttar og finne tonen som aldri før. Kviven duo si utgjeving skjer dessutan i same år som Volda og Hornindal søkjer full forbrødring gjennom kommunesamanslåing.

 

«Kvakksalvar-Guri» er ein medrivande tur gjennom slåttemusikken i Nordfjord og på Sunnmøre. Ein folkemusikkskatt får kome i rampelyset med både djerve dobbeltgrep så vel som såre tarmstrengtonar.

«Kvakksalvar-Guri» er duoen sitt første album, og også det nyoppstarta plateselskapet «Kviven Records» si første utgjeving.