Stad: Førdehuset, Førde
Arrangør: Gaular Spelemannslag og Gamlebanken Spelemannslag

Vi har gleda av å invitere til kurshelg i Førde frå 17.-19. september i regi av Gaular Spelemannslag og Gamlebanken Spelemannslag. Kurshelga i januar vert litt annleis samanlikna med tidlegare år. Det vert som vanleg eit spel-kurs, denne gong med Steinar Rygg som instruktør. I tillegg vert det kurs med Ottar Kåsa med fokus på vedlikehald av hardingfela. Ottar Kåsa skriv dette om kva kurset han skal ha vil innehalde:

Kurset vil handle om vedlikehald og stell av feler; korleis ein kan halde dei reine, byte strengar, smørje stillepinnar og ellers korleis ein kan undersøke felene på eiga hand om ein merkar at noko er gale. Det kan vera alt frå å finne ut av og løyse problem med klirrelydar, opne sargar, laust gripebrett, strengelegging og stillepinnesmørjing; i det heile å bli meir bevisst på å halde fela iorden med enkle verkemiddel. Det vil også bli litt om generelt felemakeri, slik at ein kan få meir innsikt i instrumentet ein spelar på.

Det vert lagt opp til at deltakarane er med på begge kursa i løpet av helga. Kursa går parallelt og vi deler deltakarane inn i to grupper som byter instruktør/kurs på midten. Timeplan vert sendt ut til deltakarane i dagane før kurshelga.

Påmelding innan 3. september

Alle som vil delta må melde seg på innan 3. september. På grunn av korona- restriksjonar er det plass til maks 50 deltakarar på kurshelga. Ein melder seg på til enten Dagfrid Vallestad Brevik eller Ingrid Schei Stuhaug.

Dagfrid: Tlf 995 91 736, E-post: hafelia@hotmail.com Ingrid: Tlf 900 16 334, e-post: ingrid.stuhaug@gmail.com

Dersom smittesituasjonen i området endrar seg kan kurset bli avlyst.

Mvh
Gaular Spelemannslag v/ Dagfrid Vallestad Brevik Gamlebanken Spelemannslag v/ Ingrid Schei Stuhaug