Korleis synge fleirstemt med bakgrunn i folkemusikkens tonespråk? Det har du høve til å lære meir om og ikkje minst prøve ut på dette kurset, med ein av Nordens fremste ekspertar på området som instruktør. Syng du i kor, eller berre er glad i å synge – nytt denne sjansen til å gå inn i ei spanande toneverd!
Susanne Rosenberg er ein nestor i svensk folkemusikk og ein av Nordens fremste songarar. Ho er både tradisjonsberar og kreativ utviklar av folkesongen. Susanne har vore ein pionér når det gjeld dokumentasjon og framføring av eldre folkelege songstilar, samstundes som ho har brukt folkemusikken i nye samanhangar og på nye måtar, mellom anna i samarbeid med samtidsmusikarar. Susanne er lærar ved Kungliga Musikhøgskolan i Stockholm og arbeider no med ei doktoravhandling om vokal folkemusikk. Ho er òg frilansar og har nyleg gjeve ut det kritikarroste soloalbumet Reboot/Omstart. Nyleg vart ho heidra med tittelen “årets tradisjonsberar” i Sverige.
Førdefestivalen har også ei rekkje andre kurstilbod - les meir om dette og meld deg på her.