Storm duo til Fjellvarden med topp trekkspelmusikk
Ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli har synt seg som eit svært godt akkustisk
konsertlokale. Musikarar i landstoppen som Håvard Svendsrud, Arvid Engegård,
Svein Haugen, Ragnhild Furebotten, Frode Haltli, Gjermund Larsen, Annbjørg
Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal er nokon av dei som har lovprisa
lokalet på sine konsertar og trekt fullt hus i løpet av dei siste to åra. No byr
arrangørlaget Fjelljom inn til endå ei musikkoppleving.

Fredag 18. november kl. 20 kjem dei allsidige trekkspelarane Kristina Farstad Bjørdal og Asta Soffia Thorgeirsdottir som kallar seg Storm Duo.

Asta Soffia kjem frå Husavik nord på
Island og Kristina frå Tennfjord utanfor Ålesund. Kristina fekk vi og høyre i fjor
då ho velfortent fekk tildelt Bolstadprisen på Fjelljomfestivalen. Dei to i Storm
Duo har klassisk utdanning frå Norges Musikkhøgskule, Det Kongelege Danske
Musikkonservatorium og Die Musikhochschule Freiburg i tillegg til å vere
oppvaksne med trekkspel- og dansemusikktradisjonen på sine heimplassar.


Storm Duo har eit allsidig repertoar, frå Grieg og barokkmusikk til russisk
trekkspelmusikk, underhaldningsmusikk, tangoar og islandsk og norsk
folkemusikk. Gjennom sitt samspel og vennskap har dei kjent på slektsbanda
mellom dei to kystområda dei har vakse opp i, og dei har sett ekstra fokus på å
samanlikne folkemusikken, dansemusikken og trekkspelmusikken i dei to
områda. Med dette som bakgrunn har kjende norske folkemusikarar og
komponistar skrive nye komposisjonar for Storm Duo.


Frå tidlegare konsertar med Storm Duo har det kome svært rosande meldingar
som t d at dei begge er kjende for å vere virtuosar på sitt instrument og at den
musikalske kjemien er gnistrande. «Det er som gnistene fyker i samspelet.»

Etter konserten vert salen rydda for dans ein times tid eller så alt etter kva
publikum ynskjer. Vi vonar flest muleg finn vegen til Fjellvarden når vi får slike
toppmusikarar på gjesting.

Med helsing frå Spelemannslaget Fjelljom