Farstad & Farstad trio kjem til Nordfjordeid og dreier opp til konsert i Gamlebanken!
Billett (kjøpast i døra): kr,- 250
Student / u25. : kr,- 150
 
Om Gruppa:
Farstad & Farstad trio er ei gamaldansgruppe fra Møre og Romsdal. Gruppa består av Åsmund A. Farstad på feler, Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel, og Marius Berglund på trekkspel og toradar. Det er eminente unge og framadstormande musikarar med ei felles glede for gamaldansen og den eldre folkemusikken. Dei har ein spesifik kjærleik for folkemusikken frå Nordvestlandet då med Møre og Romsdal og Nordfjord. Gruppa speler ofte som fullt gamaldansband med bass og gitar også, men i dette prosjektet vil gruppa operere i trioformat. I gruppa spelar dei tradisjonsmusikk frå Nordvestlandet, og tek for seg komposisjonar og tradisjonelt stoff fra området. Mykje musikk av f. eks Hans Geitvik, Per- og P.M Bolstad, Magne Maurseth og Jon Røen. Dei tek den tradisjonelle musikken å arrangerar den, og formar den til eit nytt, virtuost og sprekt bodskap. Gruppa har vunne dei to siste fylkeskappleikane i Møre og Romsdal, og i tillegg kom gruppa i finala i gruppespel-klassa på Landsfestivalen i gamaldansmusikk som blei arrangert i Førde tidlig i august. Etter finala endte gruppa opp med ein solid 5. plass av i alt 31 deltakarar frå hele landet.
Få ein smakebit her: https://youtu.be/Wgp1eXclP34