Duoen Nilssen/Sandum, besåande av Ole Nilssen og Øyvind Sandum, er på haustturne med musikk som er komponert for durspel. Dette er ein konsert der du får høyre musikk frå heile durspelhistoria, frå durspelet kom til Norge og fram til i dag.
 
Ole Nilssen og Øyvind Sandum er to av Norges mest aktive utøvarar på durspel. Durspel er ei fellesnemning for vekseltonige trekkspel, nærare bestemt einradar, toradar og treradar. Båe musikarane kjem frå familiar med sterke namn innanfor folkemusikken og folkedansen. Ole kjem frå Løten på Hedmarken og Øyvind kjem frå Lalm i Gudbrandsdalen. 
 
Gamle tradisjonar svingar!
Durspelet kom til Norge andre halvdel av 1800-talet. Populariteten til durspelet hadde ein topp på starten av 1900-talet, då blant andre Gotthard Erichsen hadde solokonsertar i hovudstaden for over 5000 tilhøyrarar.
 
– Vi skjønar godt kvifor denne musikken var populær, seier Ole Nilssen. Den gamle durspelmusikken er fantastisk dansemusikk frå ende til annan, og musikken svingar for folk i alle aldrar, held han fram. Båe musikarane meiner at dette er musikk som fortener å komma fram i ljoset att, og dei gler seg stort til å gjeste Luster og Skjåk fyrste veka i november.
 
– Både Sogn og Gudbrandsdalen er plassar der durspelmusikken gjennom mange år har stått sterkt, og det er stas å kunne gjeste plassar der vi veit at vi får spele for eit dedikert publikum,  seier Øyvind Sandum. 
 
Historisk innblikk
Konserten er lagt opp som ei slags tidslinje frå durspelet kom til Norge og fram til i dag. Både Nilssen og Sandum har hatt Tom Willy Rustad som lærar. Rustad er kjent som Norges kanskje største pioner innanfor durspelmusikk, og utviklinga frå einradarmusikken kom til landet og fram til i dag har vore stor. Båe utøvarane set den gamle musikken like høgt som den nye, og dei kan lova publikum at dei vil få høyre mykje spennande tonar frå dei åtte(!) instrumenta dei har med seg denne kvelden.
 
Konsert på Eikum Hotel, Hafslo
Tysdag 1. november kl. 19:00
 
Sjå meir om konserten på Facebook her: https://www.facebook.com/events/190473924729124/