Torsdag 21.mars kl 2000 spelar desse to toppmusikarane frå Møre og Romsdal konsert i ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli. Kristina Farstad Bjørdal på akkordeon er godt kjend i huset etter konsert med Storm duo og gruppa Farstad & Farstad. Ho har og vore der og motteke Bolstadprisen. Britt Elise Skram har og vore der for nokre år sidan på Fjelljomfestivalen. Ho er heilt i toppskiktet av felespelarar i landet på kappleikane. Begge har mange års topp musikkutdanning i Noreg og i Danmark og har musikken som levebrød. Eg gler meg til å høyre desse to i samspel. Etter konserten vert det høve til ein kopp kaffi med noko attåt, ein prat med grannen eller nokon annan, og til slutt ein halvtimes tid med dans. Kanskje vi og får nokon av dei spreke ungdomane våre til å syne fram dansekunstane sine? Alle under 20 år har gratis inngang. Dei andre betalar kr 250,-. Spelemannslaget Fjelljom er ansvarleg arrangør og vonar sjølvsagt på fullt hus og ein triveleg kveld.