20 av deltakarane fekk vere med på eit kurs leia av Knut David Hustveit, med musikalsk akkompagnement av Rasmus og Ingbjørn. Kurset gav ei god innføring og øving på stega i runddans, og det vart dansa reinlender, hamborgar, vals og strekkbuksepolka.

Ettersom bufeeten var litt forsinka, måtte styret i SFFL trø til med litt ad hoc underhaldning. Det vart velkomstord av styreleiar Aud Sissel Orheim, fellessong før maten, songinnslag av Magnus Skjerdal og eit stev av Judith Vestreim, samt ei historie av Berner Midthjell. Thon Hotel Jølster serverte så ei god middagsbuffet med julemat.

Kvelden heldt fram med flott dansemusikk, framført av Indre Sunnfjord Spelemannslag, Randis Gammeldansorkester, Eid Spelemannslag og Fjellklang Spelemannslag. Gloppen Hardingfelelag måtte dessverre melde avbod på grunn av sjukdom, men dei andre laga heldt musikken gåande og stemninga oppe.

Kvelden vart avslutta med dans, der det var aktivitet på gulvet heile tida, og god stemninga hjå dei omlag 150 personane som var der. Ein fin miks av god mat, musikk og dans skapte ei triveleg atmosfære for årets julebord.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag rettar ein stor takk til alle deltakarar, musikarar og hotellet for ein minneverdig kveld.